NorForsk er eit forskings- og utviklingsselskap som har som mål å utvikle framtidas fôrråvarer til laks. Me utfører fôringsforsøk for å teste nye, berekraftige ingrediensar i full industriell skala.

Om oss

Forsøka blir utførte på lokalitetane Isane og Bakjestranda i Nordfjord og i Hisdalen i Hardanger. Alle tre lokalitetane er svært godt eigna for både forsøk og matproduksjon i sjø. Dette skapar grunnlaget for reliable og replikerbare forsøk.
Fôret er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane i industriell animalsk matproduksjon som har både eit stort miljømessig- og økonomisk avtrykk. Dette ønskjer vi å gjere noko med. Det er eit stort behov for å auke kunnskapen om korleis ulike fôrravarer påverkar helse og vekst hos laksen.
Mål.
90% av CO2-utsleppa knytt til produksjon av oppdrettslaks kjem frå fôret. Effektive, sunne og berekraftige fôrråvarer vil vere avgjerande for å lukkast med eit grønt skifte i havbruksnæringa.
Vårt mål
Eit ideelt laksefôr inneheld marine råvarer. Dagens laksefôr består av rundt 20–30 % mjøl og olje frå villfisk. Då villfisk er ein avgrensa ressurs er det viktig for næringa å kartleggje og identifisere nye og alternative råvarer. Fleire planteingrediensar viser seg å vere vanskelege å fordøye for laksen, og kan derfor ikkje erstatte marine råvarer fullstendig. Ei løysing for framtida kan vere å hausta marine fôringrediensar lenger ned i næringskjeda. Algar, tang, tare, skjell og sekkedyr har eit særleg potensiale i og med at dei ikkje treng å verte fôra under dyrkingsperioden.
I følge FN sine estimat kjem det til å være 9,7 milliardar menneske på jorda i 2050. I dag kjem ca 2% av per capita kalorikonsumet frå havet. Vi trur at meir av maten vi et burde komme frå havet. For animalsk matproduksjon i sjø er fôr ein av dei viktigaste innstasfaktorane. Forskning på effektive, sunne og miljøvennlege fôrressursar er difor eit viktig bidrag i å mette ei veksande befolkning med mat frå havet.
Everyone is part of Eide family.
Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr.
Everyone is part of Eide family.
Stanley Kubrick was an American film director, screenwriter, and producer.
Fôrressursar.
Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod tempor invidunt ut labore et dolore magna aliquyam erat, sed diam voluptua.
Forsking.
Våre forsøkt vert utførte i samarbeid med Veterinærinstituttet (VI) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, fakultet for biovitskap (NMBU, BIOVIT). I teamet har me også ein nærings-PhD-stipendiat som tek prøvar og utfører laboratorieanalysar i tett samarbeid med forskarane frå VI og NMBU.
Samarbeidspartnarar
NMBU, BIOVIT og Margareth Øverland:
Professor Margareth Øverland er kjend for sitt arbeid innan fiskeernæring og nye fôrråvarer. Margareth er leiar for «Foods of Norway», eit senter for forskingsbasert innovasjon ved NMBU, BIOVIT. Senteret har som mål å bidra til vekst og verdiauke i norsk akvakulturnæring ved å utvikle berekraftige fôrråvarer frå naturlege bioressursar som ikkje er eigna for direkte humant konsum.
Veterinærinstituttet (VI) og Ole Bendik Dale:
Dr. Ole Bendik Dale er seksjonsleiar for gruppa «Forskning akvatisk biosikkerhet» ved Veterinærinstituttet. Ole Bendik fokuserer på forsking og utvikling innanfor fiskepatologi og immunologi med spesielt fokus korleis ernæring og nye fôrråvarer påverkar kronisk tarmbetennelse og førekomst av kreft.
Forskinga vår
Vårt mål er å finne fôringredienser som gjev eit sunnare hav og ein sunnare fisk utan å kompromittere på ytelse.
Folk.
Våre tilsette er avgjerande for å ivareta fiskehelse og skape pålitelege forskingsresultat. Dei er opptekne av fisken, kvarandre og verdien av trygge arbeidsplassar. NorForsk er eigd av Eide Fjordbruk, som driv selskapet i eit generasjonsperspektiv. Det betyr at me er opptatt av langsiktig og berekraftig drift.
NorForsk AS
Støavegen 98
5640 Eikelandsosen, Norway
Linkedin
NorForsk er ein del av Eide
Visit Eide
Org. nr.: 996 997 979
©NorForsk 2021